Buedikt av Olav H. Hauge

MANGE ÅRS RØYNSLE MED PIL OG BOGE

Det er den svarte prikken
midt i skiva du skal treffa,
nett den, der
skal pili stå og dirra!
Men nett der treffer du ikkje
Du er nær, nærare,
nei ikkje nær nok.
So lyt du gå og plukka upp pilene,
gå tilbake. Den svarte prikken tergar deg.
Til du forstår pili som stend der og dirrar.
Her er og eit midtpunkt.


 

PIL OG KULE

Pil var fyre kule.
Difor likar eg pil.
Kula gjeng mange mil.
Men det smell stygt.
Då smiler pil.

 

LEIDPILI

Tidi gjeng
i kvervelknutar
slær oss blinde -
Ein stad stend
ei leidpil stilt.

 

EG SIKTAR LITT YVER

Ei pil som skal råka,
kan ikkje gjera
mange krokar. Men ein
god skyttar
rekner med fråstanden og vinden.
So når eg siktar på deg,
siktar eg litt yver.


 

DU LEIKAR MED PILER

Lover er sette
for alt i verdi.
Og du skal sukka
og luta med herdi.

Du smiler. Du kan
dette no:
Gripa pilen i floget
og leika med ho.

Du veg din lagnad.
Vel har du tap.
Og sælebot slær
si dør på gap.

Du leikar med piler
og lov i ei verd -
svik du deg sjølv,
er det her.

 

 


Tilbake til buesiden